Møre og Romsdal: Lokale kulturbygg

Dato: 01. Apr 19

Desentralisert ordning for lokale kulturbygg er delegert til fylkeskommunen frå Kulturdepartementet.

Søknadsfrist: 1.april (til Møre og Romsdal fylkeskommune) Søknadsfrist til kommunen: 15.februar.

Formål

Ordninga skal medverke til egna lokale og bygningar som gir rom for ulik kulturell verksemd. Bygningane skal fungere som kulturelle møtestader for lokalmiljø og/eller for ein region.

Kven kan søke?

Søkar kan vere andelslag (der alle som ønskjer det kan vere med), kommunar, stiftingar eller organisasjonar med demokratisk oppbygging.

Vilkår for at ein organisasjon kan søke, er at kommunen eller fylkeskommunen slår fast at utforming av bygget, vedtekter og driftsplan gjer det til eit allment lokalt kulturbygg.

Les mer her