Kulturrådet – Diversestipend

Ansvarlig

Norsk Kulturråd
Dato: 16. Oct 18

Diversestipend skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda til den einskilde søkjaren. Det kan mellom anna gjevast støtte til etablering, kurs, reiser, fordjuping, material, utstyr, marknadsføring, konsulentbistand m.m.

Kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg, kan søkje stipend. Det kan gjerast unntak om det blir vurdert som rimeleg. Ordninga gjeld berre einskildkunstnarar, ikkje grupper. Søkjarar må vere aktive kunstnarar, dvs. ha utgjeve verk eller formidla kunsten sin i offentleg samanheng tidlegare.

Stipendet kan ikkje søkjast av kunstnarar som er under grunnutdanning i tildelingsåret. Med grunnutdanning meiner ein alle typar utdanning på bachelor- og masternivå, også ikkje-kunstnerisk utdanning, som utgjer meir enn 50 % av tida eller 15 studiepoeng pr. semester. Ordinært diversestipend kan likevel søkjast av kunstnarar som avsluttar utdanninga våren 2018.

Les mer her:
http://www.kulturradet.no/stotteordning/-/vis/diversestipend

Frist 13:00