Kulturrådet – Arbeidsstipend

Ansvarlig

Norsk Kulturråd
Dato: 16. Oct 18

Arbeidsstipend skal gje kunstnarar høve til å vidareutvikle kunsten sin og ha kunstnarleg aktivitet som sitt hovudyrke. Arbeidsstipend skal også kunne gjevast til omskolering til annan kunstnarleg verksemd.

Kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg, kan søkje stipend. Det kan gjerast unntak om det blir vurdert som rimeleg. Ordninga gjeld berre einskildkunstnarar, ikkje grupper. Søkjarane må vere aktive kunstnarar, dvs. ha utgjeve verk eller formidla kunsten sin i offentleg samanheng tidlegare.

Stipendet kan ikkje søkjast av kunstnarar som er under grunnutdanning i tildelingsåret. Med grunnutdanning meiner ein alle typar utdanning på bachelor- og masternivå, også ikkje-kunstnarisk utdanning, som utgjer meir enn 50 % av tida eller 15 studiepoeng pr. semester.

Les mer her:
http://www.kulturradet.no/stotteordning/-/vis/arbeidsstipend

Frist 13:00