Kulturrådet – Arbeidsstipend for yngre / nyetablerte kunstnere

Ansvarlig

Norsk Kulturråd
Dato: 16. Oct 18

Arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar skal gje yngre kunstnarar i etableringsfasen høve til å utvikle seg kunstnarleg og betre sjansane deira for å leve av virket som kunstnar.

Kunstnarar kan søkje om stipend til og med det året dei fyller 35 år. Det kan gjerast unntak frå alderskravet i særskilte tilfelle. Søkjarar må vere i ein etableringsfase som kunstnar og må kunne dokumentere eit godt kunstnarleg nivå. Kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg, kan søkje stipend. Det kan gjerast unntak om det blir vurdert som rimeleg. Ordninga gjeld berre einskildkunstnarar, ikkje grupper. Søkjarar må vere aktive kunstnarar, dvs. ha utgjeve verk eller formidla kunsten sin i offentleg samanheng tidlegare.

Stipendet kan ikkje søkjast av kunstnarar som er under grunnutdanning i tildelingsåret. Med grunnutdanning meiner ein alle typar utdanning på bachelor- og masternivå, også ikkje-kunstnerisk utdanning, som utgjer meir enn 50 % av tida eller 15 studiepoeng pr. semester.

 

Frist 13:00